Lang erfaring i oppretting/lakkering

Me utfører:

– Taksering av bilskade for forsikringsselskap, bedrifter og private

– Skade/lakkarbeid  på  person – og varebilar

– Lakkeringsarbeid  på  andre objekt etter avtale

– Lakkeringsoppdrag på veteran og verneverdige køyretøy

– Polering/lakkrens

– Ruteskift på person- og varebilar

– Rustreparasjon

– Service/Reparasjon på AC anlegg

 

Me har:

– Moderne scanner for fargeavlesning

– Lakkeringsprodukt frå bransjeleiande leverandør (PPG)

– Lang erfaring i oppretting/lakkering

– Fagmessig og profesjonelt utført arbeid

– Leigebil

 

Om billakkering

Det dreier seg ofte om reparasjonslakkering og omlakkering når det kjem til bil. I mange tilfeller handlar dette om bilar som har fått bulkar, oppskrapingar eller andre skader som må skjulast.

Me har mykje kunnskap om dei materialane som blir brukt i bilkarosserier, og utfører blanding av grunningar, fargar og topplakkar. I arbeidet nytta me forskjellige typar utstyr og verktøy, for eksempel lakkblandeutstyr, sprøyter og sprøytekabin. I arbeidet nyttar me også dataprogramm..

For oss som billakkerarar er det viktig å ivareta miljøkrav og fremja bruk av miljøvennlige materialer og lakkprodukt som reduserar utslepp av skadelege stoff..

Som billakkerar må me vera kreativ og nøyaktig. Me er opptekne av det estetiske og har praktisk og teknisk innsikt, og kommuniserar effektivt med både kundar og medarbeidarar.

Ettersom me som billakkerarar arbeider med en del farlege kjemiske stoff, i tillegg til at støy og støv er ein del av jobben, er me naturlegvis også opptekne av sikkerheit.

Om karosseri/biloppretting

Karosseriet til bilar har forandra seg mykje dei siste åra. Bilfabrikantene er svært opptekne av å “slanka” bilane. Det har vorte meir bruk av f.eks. aluminium, som er både sterkt og lett. Me ser også at fabrikantane går ned på tjukkelsen på stålet dei brukar, men kompenserar dette med å bruka høglegerte ståltypar. Det krevs spesielle prosedyrar for å jobba med desse nye materialane. Dersom ein ikkje tek hensyn til dette, kan bilar rett og slett bli trafikkfarlege etter reparasjon. For å fyljga med i utviklinga, kursar me våre ansatte jamleg.

Karosseriskade på bil er noko som alle ein eller annan gong vil oppleva, men det skjer heldigvis ganske sjeldan. Derfor er det vanskeleg å hugsa eller vita kven som kan og kvar ein bør levera bilen til reparasjon når man har fått ein karosseriskade på bilen sin. Dersom du har ein bulk eller skrape, eller kanskje ein større karosseriskade på bilen din, kan du ta kontakt med oss. Me reparerar karosseriskader på både nye og gamle bilar.

Når ein driv med biloppretting er det viktig med godt verktøy, gode rutinar og erfarne fagarbeidarar. Alle våre bilopprettarar og lakkerarar har fagbrev og lang erfaring innan faget. Dette dannar eit godt grunnlag for å kunna levera den kvaliteten me ynskjer på våre bilskadereparasjonar.