Bilglass

Frontruta er ein slitedel på bilen. Den bør sjekkast kvar 80.000 kilometer, fordi steinsprut, isskraping, vindusviskarar, skitt og smuss gir slitasje. Pfeiffer-laboratoriet har påvist at ei slitt og skada frontrute, kan gi eit optisk bedrag på 10 meter i avstandsbedømming. I mørke forsterkast denne effekten.

Ikkje gløym innsida!

Eit godt råd er å også reingjera frontruta på innsida – den er skitnare enn mange trur. Eit tips er å vaska den med varmt salmiakkvatn som fjernar belegget på innsida av ruta.

Trafikkrisiko

Kombinasjonen av slitt eller skitten frontrute, låg haustsol og dårleg syn, er ein risiko i trafikken. Nesten 80 prosent av all sanseinformasjon ved bilkøyring kjem frå synet. Då er det livsfarleg å ikkje sørgja for at man ser godt. Dårleg syn er ein viktig ulykkesårsak.

Ikkje vent med å skifta frontrute

Dei fleste steinsprutskader let seg reparera. Det lønner seg å fiksa skaden med ein gong, ikkje vent til ruta sprekk. Hugs at ein steinsprutskade er gratis å reparera så lenge du har kasko eller delkasko.

Mange nye bilar har førerassistansesystemer, med kamera og sensorar montert i frontrua. Etter eit skifte av frontrute må desse systema kalibrerast for å fungera optimalt.

Me samarbeider med Autoglass som har kompetansen, erfaringa og utstyret som trengs for å utføra dette arbeidet, og gjennomfører kalibrering i henhold til bilfabrikantenes spesifikasjonar og krav.