DAB-radio

For å kunne høyra på radio i bilen må du nå ha eit DAB-adapter.

Få DAB-adapter i bilen:

Her er nokre utvalgte DAB-adaptere som me kan tilby:

http://www.lydogbilde.no/test/hi-fi/dab-radio-i-bil/pure-highway-400-2

http://www.lydogbilde.no/test/hi-fi/dab-radio-i-bil/tiny-audio-c5

Kva betyr DAB?

DAB står for Digital Audio Broadcasting, og er ein standard for digitalisert lydkringkasting.  Kort fortalt er DAB digital radio, i forhold til FM som er analog radio.

Kvifor har Norge satsa på DAB?

Kapasiteten på FM-båndet er sprengd. Ein overgang til DAB vil gi bedre båndbreidde og kunne sleppa til fleire kanalar og aktørar inn på dei forskjellige frekvensområdene.

Blir det fleire radiokanalar med DAB?

Ja. Antallet radiokanalar er allerede ein heilt annan virkelegheit enn med dagens FM-nett. Med digitale radiosignal kan man dela same frekvens på fleire forskjellige radiokanalar. Dermed vil radiostasjonane kunne laga ein radiokanal for ei bestemt målgruppe. Tidligare var radiostasjonane avhengig av å få tildelt ein frekvens for kvar kanal. Nå er ikkje antallet frekvensar det mest kritiske.

Kven har bestemt at me skal sløkkja FM-båndet?

Overgangen frå FM til DAB, altså ein digitalisering av radioen, blei vedtatt i Stortinget i 2011. Det blei satt fem sløkkjevilkår som måtte innfriast på forhånd:

  • NRKs DAB-kanalar må ha dekning tilsvarande dagens P1-dekning på FM.
  • Det kommersielle nettet må ha minst 90 prosent befolkningsdekning.
  • Det digitale radiotilbodet må representera ein meirverdi for publikum.
  • Det må finnast rimelige og teknisk tilfredsstillande løysningar for radiomottak i bil.
  • Minst halvparten av radiolyttarane må dagleg høyra heilt eller delvis på ei digital radioplattform.

Kva er forskjellen på DAB og DAB+?

Me omtalar ofte dagens DAB+ signaler som DAB, men dette kan gi rom for misforståelsar. Ein tradisjonell DAB-radio kan i likheit med ein FM-radio ikkje ta inn signal frå DAB+, og dermed vera ubrukeleg når DAB+ blir einaste alternativ i 2017. Forskjellen ligg i komprimeringa av signala. DAB+ gir plass til fleire kanalar, og det er enklare å få til tilleggsinformasjon som tekst og bilete.

Kva er DAB i forhold til vanleg FM-radio?

DAB er digital radio, mens det tradisjonelle FM-båndet er analoge radiosignal.

Det vanlige FM-båndet mellom 87,5 MHz og 108 MHz, som er satt av til radiokanaler over store deler av verden, begynner å bli fullt. Kvar radiokanal krev sin bestemte frekvens. Radiostasjonar som har dekning over større områder krev fleire frekvensar for same radiokanal. Dagens nyare RDS-radioar (dei fleste bilmonterte FM-radioar i dag har såkalt RDS) skifter frekvens uten at du ser det. På ein tur frå Oslo til Bergen kan radioen din ha skifta frekvens fleire gonger sjølv om du berre har lytta på NRK P1.

Etterkvart vil det bli vanskeleg å få plass til alle eksisterande og nye radiokanaler i det analoge FM-båndet. I tillegg er analog radioteknologi gamaldags og lite fleksibel for dagens teknologi, krav og muligheitar.

Digitale radiosignal kan «pakkast saman» på same frekvens og «pakkast ut» av radioen i bilen din. Det er altså plass til ein mengde informasjon på den same knappe mengden tilgjengelege frekvensar. Dermed kan radiostasjonane laga for eksempel fleire radiokanalar for ei bestemt målgruppe innan musikk, nyheiter og lignande. Din favorittmusikk treng ikkje lenger passa inn i eit trongt sendeskjema for ein bestemt radiokanal.

I tillegg gir DAB fleire ekstra funksjonar, slik som å visa på displayet kva musikk som blir spela, kva slags program du høyrer på og kven som er programledarar og gjester.

Kan eg høyra på DAB med ein FM-radio?

Nei. Ein radiomottakar som kun er ein DAB-mottakar, kan kun gjengi digitale radiosignal. Men hugs at mange originale bilradioar har både DAB-mottakar og FM-mottakar. Det betyr at nyare bilmonterte radioar har to mottakarar – ein for FM og ein for DAB.

Kan eg høyra på FM med ein DAB-radio?

Nei. Ein radiomottakar som kun er ein FM-mottakar, kan kun gjengi analoge radiosignal. På same måte kan ein DAB-radio kun motta digitale signal. Men hugs at mange originale bilradioar har både DAB-mottakar og FM-mottakar. Det betyr at nyare bilmonterte radioar har to mottakarar – ein for FM og ein for DAB.

Blir det byggt heilt nye antenner til DAB?

Ja, DAB krev ein ny infrastruktur med nye antenner og basestasjonar. Digitale radiosignal oppfører seg annleis enn analoge radiosignal, og dermed er det ikkje sikkert masten som blei brukt til FM-signaler kan brukast til DAB. Me antar imidlertid at utbyggjarane gjenbrukar anlegg som passar det nye radionettet der det går an.

Utbyggjarane må søkja den enkelte kommune om byggjetillatelse, og nokre stader i landet er det ikkje lov å setja opp master, slik som nasjonalparkar.

Korleis blir dekninga på DAB?

To av sløkkjevilkåra som Stortinget la til grunn for overgangen frå FM til DAB går direkte på dekning. NRKs digitale sendingar må ha like god dekning som NRK P1 har på FM, og dei kommersielle kanalane (P4, Radio Norge etc.) må ha 90 prosents befolkningsdekning.

Det som er viktig å merkja seg er at det er befolkningsdekning, og ikkje arealdekning, det er snakk om. Derfor har fokuset vore på å få god dekning der folk flest bur. Det er derfor ikkje uvanleg å oppleva dekningshol i områder der da bur lite folk.

Sidan DAB er digitalt har du enten lyd, eller så er det stille. Blir signalet for svakt kuttar rett og slett lyden ut, i forhold til på FM kor dårleg dekning vil opplevast som skurr.

Kven testar kor godt DAB eigentleg er?

Det er Nkom, Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (tidlegare Post- og teletilsynet) som har vore ansvarlege for å sjekka om krava til dekning (ref. sløkkjevilkåra) er innfridd. I februar 2015 blei konklusjonen deira at dette var godkjent. Nkom har målt og teoretisk beregna seg fram til resultata.

Derimot er det få som har mogelegheit til å nøyaktig testa den faktiske dekninga rundt om i landet, sidan dette krev avansert måleutstyr. Du kan testa dette i din eigen bil dersom den har DAB+ ved å skru av funksjonen som skiftar over til FM ved behov. Eller du kan montera ein adapterløysning som kun tar inn DAB+. Pass på at antenna er montert etter bruksanvisninga.

Kvifor forsvinn dekninga med ein gong i nokre tunnelar?

På ein analog FM-radio vil dårleg dekning høyrast som sus. Signalet blir svakare og med meir støy, men det kan fortsatt vera mogeleg å høyra kva som blir sagt. Med digitale radiosignal er virkelegheita binær. (1 eller 0) Enten er det dekning, eller så er det ikkje dekning. Tunnelar krev eigne basestasjonar både for FM og DAB. Men dekningsgraden er meir kritisk med DAB. Derfor vil du i tunnelar utan DAB-dekning svært fort miste signalet, sjølv i korte tunnelar. I den same tunnelen har du sikkert kunna leva med litt sus frå FM-radioen på grunn av manglande dekning sidan du ikkje har hatt følelsen av å mista signalet heilt tross støy.

Forsvinn absolutt all radio på FM i 2017?

Det vil fortsatt vera mogeleg å høyra ein del lokalradiostasjonar på FM dei neste fem åra. Dei riksdekkjande kanalane vil kun være tilgjengeleg på DAB+.

Sløkkinga av FM-nettet vil skje i løpet av 2017, på forskjellige tidspunkt avhengig av landsdel.

I Sogn og Fjordane blei FM nettet sløkkt 21.06.17.