Me tek service på elbil

– til konkurransedyktige prisar

Med eit aukande antall elbilar på norske vegar er me naturlegvis med på utviklinga, og har skaffa oss auka kompetanse på elbil. Me utfører elbil-service i henhold til krav frå forhandlar, der me blant anna skifter kupefilter og skriv ut batteritest. Hjå oss får du utført både service og vedlikehold av elbil til konkurransedyktige prisar, med levering innan rimeleg tid.

Våre mekanikarar er godt kursa i service på el- og hybridbilar.

Nybilgarantien beheld du – også på elbil

Uansett kva merkevaregaranti du har, beheld du denne ved utført service hjå oss iht. EU sine reglar. Les mer om nybilgaranti »

Billig med elektrisk

Elbil er ikkje berre godt for miljøet, det er også bra for lommeboka! Du kan spara titusener på å køyra elektrisk. Eksempelvis kostar ein Nissan Leaf 24 000 kroner mindre i året enn ein tilsvarande bensinbil når du køyrer 15 000 kilometer i året over fem år.
Grønn bil har utvikla den einaste kalkulatoren i Norge som beregnar kostnadane ved ulike elbilar, og samanlignar det med kostnadane for tilsvarande bil med bensinmotor. For alle modellar visar kalkulatoren langt lågare årlige kostnader med ein elbil.

Nokre eksempel ved årleg køyrelengde på 15 000 kilometer, og 5 års eigarskap:

  • BMW i3 er 20 000 kroner billigare i drift per år enn tilsvarande bensinbil.
  • Mitsubishi i-Miev er 16 000 kroner billigare i drift per år enn tilsvarande bensinbil.
  • Volkswagen e-Up er 14 000 kroner billigare i drift per år enn tilsvarande bensinbil.
  • Tesla er 16 000 kroner billigare i drift per år enn en tilsvarande bensinbil.

Service på elbil

I ein elbil er registerreimar, ventilar og olje erstatta med ein vedlikeholdsfri motor der kun éin del er bevegeleg. Bremsar må sjølvsagt sjekkast, og bevegelege deler eventuelt smørjast.
Litium Ion-batteria i moderne elbiler er vedlikeholdsfrie. Ved service blir batteria diagnostisert, og data avlest, blant anna for å avdekkja sviktande køyre- og ladevanar.

Rekkjevidde

Køyrestil, temperatur, bruk av elektronikk og mange motbakkar påvirkar køyrelengden.
Elbiler i dag har bedre rekkjevidde enn berre for nokre år tilbake. Likevel har dei fleste elbiler klare begrensningar.
Med elbil er økonomisk køyring endå viktigare enn for tradisjonelle bilar. Det gjeld å holda jamn fart og ikkje vera for hard på gasspedalen og sleppa den når du har mogelegheit. I nedoverbakkar ladar faktisk elbilen. Slepp du gasspedalen vil du faktisk auka rekkjevidda igjen. Då har du litt meir å gå på når bakkane går oppover igjen!

Batteriets levetid

Det er ein samanheng mellom forventa levetid og kostnad. Kor fort batteriets lagringskapasitet vert redusert, er avhengig av batteritypen. Dette varierar mellom leverandørane og er oppgitt under «minste kapasitet» i dei ulike kjøpsveiledningane, det vil sei gjenverande akseptabel kapasitet.

Nokre eksempel frå kjøpsveiledninga:

  • Nissan Leaf: Forventa levetid ut bilens levetid med gradvis kapasitetstap med tid og bruk. Batteripakka er konstruert med 48 modular som kan skiftast individuelt.
  • Tesla Model S: Forventa levetid minst i garantiperioden på 8 år. Kostnaden er estimert til mellom 60 og 80 000 kroner.
Mitsubishi i-MiEV: 70 – 90 prosent av batteriets kapasitet etter 10 år eller 150 000 kilometer køyring. Kostnaden for batteribyte var 120 000 kroner i 2013.