Når skal bilen på EU-kontroll?

Me utfører EU-kontroll på dagen! EU-kontroll eller periodisk køyretøykontroll (PKK), på fylgjande klassar:

  • Bubil: Klasse B – C1*
  • Personbil: Klasse B
  • Lett lastebil: Klasse C1*

*Me utfører ikkje EU-kontroll på bilar med luftbrems

Sjekk når din bil skal på EU-kontroll:
Reg.nr:Du vil bli videresendt til Statens vegvesens nettsider.

Kva blir kontrollert?

Kontrollen består av ein miljø-, og ein trafikksikkerheitsdel. I trafikksikkerheitsdelen kontrollerast bl.a. lys, sikt, bremser osv. I miljødelen vert støy og avgassar målt.

EU-kontrollen skal avdekkje om kjøyretøyet tilfredsstill eit minstekrav til sikkerheit og miljø for å kjøyre på vegen. Kontrollpunkta omfatter blant annet sikt, bremser, lys, støy og avgassar. Feila blir gradert med enten 1,2 eller 3, alt etter kor alvorlege dei er.
Er feila større enn ein 1’er feil, altså merka med 2 eller 3, blir ikkje kjøyretøyet godkjent, og Statens Vegvesen blir automatisk varsla når verksteda send inn kontrollskjema elektronisk. Då må manglane utbetrast og kjøyretøyet visast på nytt. Du som kunde skal alltid få med ein kontrollseddel etter EU-kontrollen. Bedømming med 3’er feil vil seie at feil/mangelen er så alvorleg at det ikkje er lov å kjøyre med bilen.

Klipping av skilter

Dersom bilen ikkje er godkjent innan tidsfristen, vil det liggja ein begjæring i Motorvognregisteret. Ved ein kontroll kan kontrollmyndigheitane, slik som politi, vegvesenet eller tollvesenet, klyppa skilta av bilen om den ikkje er godkjent.