Hjulstilling

Rundt 30 % av alle bilar køyrer rundt med så store feil på hjulstillinga at den bør justerast. Har du køyrt over ein fortauskant eller litt for fort over ein fartsdump, kan dette forårsaka avvik i forstillinga. Ein  sliten styrestang, knekte fjører eller defekte støtdemparar kan også vera årsak til skeiv hjulstilling.

Me sjekkar fyrst etter defekte deler som bør skiftast ut. Dersom opphenget ser bra ut består endringa kun i ein justering i hjulopphenget, som er inkludert i prisen. Når dekka er i éin vinkel vert dei ikkje så fort utslitne og bilen brukar mindre drivstoff.