Oljeskift

Oljeskift bør utførast regelmessig for å smørja og holda motoren vedlike. I tillegg skifter me alltid oljefilteret samtidig som me skifter olja. Dette sørgjer for at din motor vert smurd, kjølt og fungerar som den skal.

Når er det på tide å skifta olje på bilen din?

Kor ofte oljeskift bør utførast står å lesa i instruksjonsboka til bilen din. Tid for oljeskift varierar dermed frå bil til bil. Vår anbefaling er at oljeskift bør sjekkast og/eller utførast under den årlige servicen på bilen din.

Oljesjekk

Utan riktig type og riktig mengde olje kan da gå frykteleg galt med motoren.

  • Finn bilens instruksjonsbok, og les om oljepeiling. Bilen må stå rett og vera varm.
  • Åpna panseret.
  • Finn peilepinnen til motorolja. Dersom du ikkje veit kor den er, sjå i instruksjonsboka.
  • Trekk ut peilepinnen og les av oljenivået slik det står omtala i instruksjonsboka. Turk av med turkepapir, og mål ein gong til for å vera sikker.
  • Oljenivået skal liggja mellom maksimum og minimumsnivå.

Kva gjer olja?

Motorolja skal smørja hundrevis av små og store komponentar som bevegar seg med høg fart, i høg temperatur og under høgt trykk. Feilmarginane er små, like små som brøkdelen av eit hårstrå for enkelte deler. I tillegg til å smørja, hjelp olja, saman med kjølevatnet, å leda varme bort frå bevegelege deler.
Det seier seg sjølv at ein motor utan, eller med for lite olje, ganske raskt kan gi eit komplett og svært kostbart havari.

Når bør eg sjekka oljenivået?

Du kan sjekka olja så ofte som du vil. Skal ettersynet reduserast til et minimum, bør du i alle fall peila olja før lange turar, slik som før feriar eller langturar. Dette gjeld spesielt om det er lenge sida bilen har vore på service.

Korleis skifte olje?

Du kan etterfylla olje sjølv, men då gjeld det å ikkje fylla på for mykje. Dessutan må du bruka ei olje som kan blandast med den du allerede har.
Det er også viktig å finne ut kvifor motoren forbrukar olje. Er det noko som ikkje er tett, slik at olja «sveittar» ut? Er det lenge sida service? Blir bilen utsett ofte for store og tunge belastningar, for eksempel ved å trekkja tung tilhengar eller campingvogn langt?
Ein gamal bil vil oftast bruka meir olje enn ein nyare, og ein gamal bil er oftast sjeldnare på service. Paradoksalt nok, er det når bilen er gamal at den vil trengja litt ekstra ettersyn og oljeskift.